Seniortur til Veten frå Førde med Tirsdagsgruppa

Fellestur

Dato
8. september kl. 10:30 - 13:30
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Arrangører
Sotra Øygarden Turlag, Bergen og Hordaland Turlag , Sund Turlag
Turområde
Nordhordland (se kart)

Oppmøte på Førde kl. 10.30

Veten er høgste punktet med 284 m.o.h. i tidlegare Sund kommune, no Øygarden kommune. Det er fleire startpunkt/stiar for å koma til Veten. Denne dagen startar turen frå Førde. Turen går på fin sti, men det kan vera våte parti. Turtid 2- 3 timar. Ta med mat og drikke.

På Veten er det ein kikkert, og ei sikteskive - retta mot fjelltoppar i nabokommunane.

Vi kan også sjå eit minnesmerke. I 1948 var det ei Catalina flyulykke her, 13 personar omkom.

Det er filma (filmsnutt av) ein del turar i kommunen. På "Ord i Spreke spor" finn vi film om tur til Veten med startpunkt frå kyrkja på Klokkarvik. Sjå her:

 

Når Kystpass 2020 er klar så er Veten ein plass du kan klippe, sjekke inn i SjekkUT app og bok i raud kasse der du kan skrive deg inn. 

Velkommen på tur!

 

Generelle vilkår som for Bergen og Hordaland Turlag:

Seniortur til Veten frå Førde med Tirsdagsgruppa

Oppmøte på Førde kl. 10.30 Veten er høgste punktet med 284 m.o.h. i tidlegare Sund kommune, no Øygarden kommune. Det er fleire startpunkt/stiar for å koma til Veten. Denne dagen ...