Avlyst Seniortur til Liatårnet - Haganesfjellet med Tirsdagsgruppa

Fellestur

Dato
6. oktober kl. 10:30 - 14:30
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Arrangører
Sotra Øygarden Turlag, Bergen og Hordaland Turlag , Sotra Øygarden
Dette arrangementet er over!
Avlyst: Denne aktiviteten er dessverre avlyst.

På grunn av Covid-19 må vi som ansvarleg arrangør ha påmelding med navn og kontaktinformasjon i forkant for kvar tur. Det vert navneopprop ved oppmøte. Hugs 1 m avstand, personleg antibac og eventuelt munnbind.

Oppmøte: Hald stadion kl. 10.30.

Dette vert ein krevjande tur, med turtid på omlag 4 timar.

Litt organisering av turen er tenkt slik:

Etter oppmøte ved Hald stadion kjører vi til Haganes for å parkere nokre bilar der. Så kjører resten av bilane med alle turgåarane til Tellnesskogen. Der parkerer vi på parkeringsplassen for Fjell Festning. Tenk smittevernreglar og avstand i bilen også ved bilkjøring.

Vi startar å gå turen på asfalt oppover og vidare ut i terrenget til Liatårnet, 341 m.o.h. Frå Liatårnet går vi på stien mot Haganes og Haganesfjellet, 232 m.o.h. Vert turen for krevjande å gå til Haganesfjellet i det same kan vi velja å berre gå nedatt til Haganes der nokre av bilane er parkert. Frå Haganes må vi kjøre til Tellnesskogen for å hente dei andre bilane.

Både Liatårnet og Haganesfjellet er turmål i Kystpass 2020. Hugs Kystpass 2020 om du har interesse for klipp i kystpasset. Der er også turkassar med bøker å skrive i. SjekkUT appen er også grei å bruke.

Ta med mat og drikke. Sko deg godt og kle deg etter slik veret er denne dagen.

 

Velkommen på tur!

 

Generelle vilkår som for Bergen og Hordaland Turlag: Vi må ta hensyn til gjeldande smittevernreglar.