Vil du bli turleiar i vårt nye turlag?

Dette arrangementet er over!

Sotra Øygarden Turlag er det nest største lokallaget under Bergen og Hordaland Turlag. Me har nesten 1500 medlemmer og me bur i ein stor kommune med mange flotte turmål. Me har mange flinke turleiarar, men vil gjerne ha endå fleire med oss på laget.

Går du mykje på tur og ynskjer å få med deg fleire på tur? Fungerer du godt i ei gruppe med ulike menneske og likar du å ta ansvar på tur? Då har du moglegheita no til å bli med på den første modulen i DNT sin turleiarutdanning. Me arrangerer ambassadørkurs i på Ågotnes 25. mai. Wenche Strømme frå Bergen og Hordaland Turlag skal halde kurset.

Tid: 18:00 - 21:00

Parkering ved Naustvika Barnehage. Sjå kart.

Ein vel sjølv kor mange moduler ein vil ta, men for å være turleiar er minstekrav at ein gjennomfører ambassadørkurs og nærturleiarkurs.

Les meir om DNT sin turleiarutdanning her:

Turleiarutdanning DNT

Vil du bli turleiar i vårt nye turlag?

Sotra Øygarden Turlag er det nest største lokallaget under Bergen og Hordaland Turlag. Me har nesten 1500 medlemmer og me bur i ein stor kommune med mange flotte turmål. Me ...

Kontaktinformasjon: