Dronninga på Askøy med Onsdagsgruppa

Fellestur

Dato
6. oktober kl. 10:30 - 14:30
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Arrangører
Sotra Øygarden Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Byfjellene i Bergen, Nordhordland (se kart)

På grunn av Covid-19 må vi som ansvarleg arrangør ha påmelding med navn og kontaktinformasjon i forkant for kvar tur. Det vert navneopprop ved oppmøte. Hugs 1 m avstand, personleg antibac og eventuelt munnbind.

Oppmøte: Nedre parkering Fjell kyrkje kl. 10.30.

Dette er ein tur til nabo øya Askøy. Ca. 3,5 - 4 timar m/kjøring.

Vi samlar oss i bilar og kjører til Haugland på Askøy. Derfra går vi litt på asfalt for så å koma inn i skogsområde, på grusvegen mellom Haugland og Ask.  Her kan vi nyte stillheten.

Vi skal etter ei stund forlate grusvegen og ta fatt på sti mot Dronninga. Stien kan vere noko våt.  Motbakke vert det og for å koma opp.

Dronninga, eller Dronningen, alt etter kor ein kjem frå og kva generasjon ein høyrer til, er oppkalt etter ei stor furu som stod her i eldre tid.

Vel oppe på Dronninga, 190 m.o.h. tar vi oss ein matpause. Her er utsikt mot øya Sotra og øyane vidare nord i Øygarden kommune, og Fedje i vest.

Nedatt går vi deler av stien vi kom opp på. Men for å få ein rundtur så går vi inn på traktorveg, deretter sti.

Turen er lett til middels med stigning. Kle deg etter været. Kanskje litt ekstra kle i sekken om det vert kaldt ved matpausen oppe på toppen. Ha på deg sko med gode solar, ankelstøtte, og som held deg tørr på føtene.

Ta med mat og drikke.

Velkommen på tur!

Om du er medlem eller ikkje. Ønskjer du å bli medlem kan du melde deg inn her:

Generelle vilkår for Sotra Øygarden Turlag er som for Bergen og Hordaland Turlag:

Dronninga på Askøy med Onsdagsgruppa

På grunn av Covid-19 må vi som ansvarleg arrangør ha påmelding med navn og kontaktinformasjon i forkant for kvar tur. Det vert navneopprop ved oppmøte. Hugs 1 m avstand, personleg antibac og eventuelt munnbind. ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Terje Audun Salmo
  • Anne-Liv Foldnes Bjørsvik