Rundtur Fjæreide-Kårtveit-Fjæreide med Onsdagsgruppa

Fellestur

Dato
9. juni kl. 10:30 - 15:30
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Arrangører
Sotra Øygarden Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Nordhordland (se kart)

På grunn av Covid-19 må vi som ansvarleg arrangør ha påmelding med navn og kontaktinformasjon i forkant for kvar tur. Det vert navneopprop ved oppmøte. Hugs 1 m avstand, personleg antibac og eventuelt munnbind.

Oppmøte på nedre parkeringsplass ved Fjell kyrkje kl. 10.30.

Vi kjører til Fjæreide og parkerer ved sida av vegen der vi ofte har parkert tidlegare. Då vert det litt å gå på asfalt til same utgangspunkt som når vi går kortaste sti til Saufjellet. På denne stien skal vi ganske snart ta av til høgre ved skilt til Kårtveit. Her er ein gamal sti mellom Fjæreide og Kårtveit. Det går også sti frå Kårtveit til Spjeldsfjellet/Spjeld. Den stien tek vi tilbake, men går ikkje opp på Spjeldsfjellet. Vi finn Nordsjøløypa til Fjæreide og går då tilbake til bilane.

Dermed vert det ein rundtur. Nokre våte parti i stien. Vi går også på berg. Det vert ikkje så mange høgdemeter å forsere, men turen vert kanskje noko lang å gå. I Midtmarka kan vi nyte stillhet og fin natur.

Tidsbruk vert omlag 5 timar, lengde 9 km.

Hugs ta med rikeleg mat og drikke til ein lang tur! Kle deg etter slik veret er denne dagen. Bruk sko som tåler vatn, sjølv om det er i juni så kan der vera vått.

 

Vil du bli medlem? Les her:

Generelle vilkår som for Bergen og Hordaland Turlag:

Rundtur Fjæreide-Kårtveit-Fjæreide med Onsdagsgruppa

På grunn av Covid-19 må vi som ansvarleg arrangør ha påmelding med navn og kontaktinformasjon i forkant for kvar tur. Det vert navneopprop ved oppmøte. Hugs 1 m avstand, personleg antibac og eventuelt munnbind. ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Terje Audun Salmo
  • Anne-Liv Foldnes Bjørsvik