Rundtur Gardafjellet-Halljesvatnet med Onsdagsgruppa

Fellestur

Dato
24. november kl. 10:30 - 13:30
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Arrangører
Sotra Øygarden Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Nordhordland (se kart)

Har vi fortsatt Covid-19 i 2021 og smittevern? Det er ei stund fram til denne turen skal gå. Som ansvarleg arrangør må vi ha påmelding med navn og kontaktinformasjon i forkant for kvar tur. Det vert navneopprop ved oppmøte. Hugs 1 m avstand, personleg antibac og eventuelt munnbind.

Oppmøte på nedre parkering ved Fjell kyrkje kl. 10.30.

Frå parkeringsplassen her på Fjell går vi inn på den gamle kyrkjevegen mot Morland. Denne gamle kyrkjevegen er også ein del av Nordsjøløypa i kommunen.

Etter litt stigning og litt flatare terreng tek vi av frå kyrkjevegen og inn til venstre. Her er laga trapper/kloppar i terrenget. Vidare går vi på stien til Gardafjellet.

På Gardafjellet nyt vi fin utsikt i alle retningar. Frå Gardafjellet går vi nedatt litt lenger nord mot aust til vi igjen møter den gamle kyrjevegen. Her er stidele og vi vel stien mot Kolltveit. 

I  Kolltveitmarka er det ein del historie om vassdraga her. Allereie i 1850 åra vart det gjort ein del enkle tiltak i vassdraga for å styra vasstilførsel til to kvernhus nede på Kolltveit. Etter kvart trongs det meire vatn til ei mølle nede ved sjøen, og det var laga stemmer i fleire vatn. På 1890-talet vart det bygd store stemmegardar i Halljesvatnet.

Mølledrifta tok slutt i 1912. Møllebyggningen vart då teken i bruk av hermetikkfabrikk som også trong vatn til si drift. Fabrikken vart lagt ned i 1975. Seinare vart fabrikklokala brukt til setjefiskanlegg for laks, og det trongs også då mykje vatn. No renn vatnet ubrukt ut i sjøen.

Har du høyrt om "ja" benken i Kolltveitmarka? Når vi kjem til den er det eit nytt stidele, og vi går til høgre, mot sør.

Vi skal gå over desse stemmene ved Halljesvatnet, og vidare til vi møter den gamle kyrkjevegen att på Fjell og vidare ned til parkeringsplassen.

Undervegs på denne turen finn vi oss ein passande plass for matpause. Så hugs; ta med mat og drikke. Kle deg etter slik veret er denne dagen. Det er våte parti i stien. Der kan då bli glatt ved frost. Ha broddar med i sekken. Då er dei lett tilgjengeleg om dei trengs.

Turtid omlag 3 timar.

1. turleiar: Anne-Liv og 2. turleiar: Håkon.

Velkommen på tur om du er medlem eller ikkje!  Vil du støtta turlaget vårt med medlemskap? Les her: 

Generelle vilkår som for Bergen og Hordaland Turlag. Les her:

Rundtur Gardafjellet-Halljesvatnet med Onsdagsgruppa

Har vi fortsatt Covid-19 i 2021 og smittevern? Det er ei stund fram til denne turen skal gå. Som ansvarleg arrangør må vi ha påmelding med navn og kontaktinformasjon i ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Håkon Fjell
  • Anne-Liv Foldnes Bjørsvik