Gardafjellet med Tirsdagsgruppa

Fellestur

Dato
5. oktober kl. 10:30 - 13:30
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Arrangører
Sotra Øygarden Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Nordhordland (se kart)

På grunn av Covid-19 må vi som ansvarleg arrangør ha påmelding med navn og kontaktinformasjon i forkant for kvar tur. Det vert navneopprop ved oppmøte. Hugs 1 m avstand, personleg antibac og eventuelt munnbind.

Oppmøte: Hald stadion kl. 10.30.

Frå Hald stadion kjører vi til Fjell kyrkje sin nedre parkeringsplass.

Herifrå går vi inn på den gamle kyrkjevegen Fjell-Morland. Til Gardafjellet kan vi gå ein rundtur. Når tid vi skal gå av kyrkjevegen og opp til Gardafjellet finn turleiar ut av. Enten går vi av kyrkjevegen til venstre etter Kvednavatnet på nye kloppar. Desse har turlaget laga fleire av oppover sidan det har vore/er ganske vått her. Eller om vi går vidare på kyrkjevegen kjem vi etter ei stund  til eit stidele/kryss der ein kan fortsetja rett framover til Morland eller gå litt mot høgre til Kolltveit/Kolltveitmarka. Her går stien til Gardafjellet til venstre.

Ved mykje nedbør før turen går kan her vera våte parti. Ta med mat og drikke. Sko og kle deg etter slik veret er denne dagen.

Dette er ein enkel/lett tur. Turtid er omlag 3 timar.

 

Velkommen på tur!

Du kan gå med oss om du ikkje er medlem, men veldig kjekt om du støtter turlaget med medlemskap. Les her om prisar og fordelar med medlemskap: 

Generelle vilkår som for Bergen og Hordaland Turlag:

Gardafjellet med Tirsdagsgruppa

På grunn av Covid-19 må vi som ansvarleg arrangør ha påmelding med navn og kontaktinformasjon i forkant for kvar tur. Det vert navneopprop ved oppmøte. Hugs 1 m avstand, personleg antibac og eventuelt munnbind. ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Sigrid Venke Håkonsund Fjeld
  • Kåre Fjeld