Onsdagsgruppa med rundtur på Misje

Fellestur

Dato
2. februar 2022 kl. 10:30 - 13:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Arrangører
Sotra Øygarden Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Nordhordland (se kart)

Oppmøte: Nedre parkering Fjell kyrkje kl 10.30. 

Misje er ei øy der Rv. 561 går over. Med Solsviksundet bru i sør mot Sotra, og bru over til Toftøy og vidare nord i Øygarden.  Denne vegen over Misje har vi kjørt mang ein gong for å gå turar lenger nord i Øygarden.

På vestsida av øya er det merka sti. Terrenget er småkupert med ein del berg å gå på. Ved start i terrenget er det skog, men for det meste opent med utsyn vest i havet. Våte parti, så godt fottøy er nødvendig.

På austsida ligg busetnaden og her har det også ein gong vore hermetikkfabrikk. Vi parkerer ved tidlegare Misje skule, og Misje museum. Museet er eit gamalt vestlandshus med inventar frå tidleg 1900 – tall. Her finn vi historia til ei vestlandsbygd fra same århundre med kystkultur, utstilling, billedframsyning og bøker.

Vi skal ikkje på museum men gå ein rundtur først på asfalt, vi kryssar riksvegen - og så fin tur i terrenget. Vi går møt sør og lengst sør går vi under Solsviksundet bru og tilbake til bilane på asfalt. 

Turtid er sett til omlag 2,5 timar med matpause og kjøring. Ta med mat og drikke. Kle deg etter dagens vær. Dersom det er frost/glatt: ta også med broddar.

Velkommen på tur!

 

Generelle vilkår som for Bergen og Hordaland Turlag. Du finn dei her:

Vil du støtte oss med medlemskap, les om fordeler ved medlemskap og du kan melde deg inn her:

Onsdagsgruppa med rundtur på Misje

Oppmøte: Nedre parkering Fjell kyrkje kl 10.30.  Misje er ei øy der Rv. 561 går over. Med Solsviksundet bru i sør mot Sotra, og bru over til Toftøy og vidare nord i ...

Kontaktinformasjon:

  • Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
  • Tlf. 90730014

Turledere:

  • Sigrid Steffensen
  • Anne-Liv Foldnes Bjørsvik