Onsdagsgruppa til Grana, Telavåg

Fellestur

Dato
23. februar 2022 kl. 10:30 - 14:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Arrangører
Sotra Øygarden Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Nordhordland (se kart)

Vi møtes på nedre parkering Fjell kyrkje kl. 10.30.

Der samlar vi oss i eit mindre tal bilar og kjører til Telavåg skule. Her skal vi gå i lett kupert terreng i utmarka. Det kan ofte vera våte parti i stien. Det vert noko rundtur og noko fram og tilbake tur til dels i Nordsjøløypa. Vi går forbi ein klatrevegg, og Sørvika. I Sørvika står skilt om Telavågtragedien 1942. Dette var staden der utstyr, ammunisjon og våpen vart gøymd under andre verdskrig. 

Stort sett heile vegen utover er det fin havutsikt. Men sjølvsagt havutsikt lengst ute. Er veret bra kan vi ta matpausen ute på berga ved vårt turmål, Grana. Her er benk og fint å sitja om ein ikkje går på berga også. Postkasse med bok til å skrive navnet i er der også.

Turtid 3 timar, kanskje 3,5 timar med kjøring og pause. Ein enkel til middels krevjande tur. Sko og kle deg etter dagens ver. I februar kan det vera glatt/isete. Ha broddar med i sekken så er dei lett tilgjengeleg om dei trengs.

1. turleiar Terje

2. turleiar, Anne-Liv

Velkommen på tur om du er medlem eller ikkje!

Vil du bli medlem? les meir her:

Generelle vilkår, les her

Onsdagsgruppa til Grana, Telavåg

Vi møtes på nedre parkering Fjell kyrkje kl. 10.30. Der samlar vi oss i eit mindre tal bilar og kjører til Telavåg skule. Her skal vi gå i lett kupert terreng ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
  • Terje Audun Salmo