Her er våre nye nærturleiarar.

Sotra Øygarden Turlag ser fram til å starte opp med aktivitet igjen etter sommarferien. Me har fått utdanna 12 nærturleiarar no i juni. Dette gjev oss større rom for å arrangere nærturar til hausten.

I løpet av ein månad har me fått 12 nærturleiarar i Sotra Øygarden Turlag. Wenche Strømme frå Bergen og Hordland Turlag har vore kurshaldar. Wenche er ekspert på å formidle gleda av å gå tur og være turleiar. Det var god stemning på begge kursa.
Nærturleiarkurs er eit firetimars kurs som vert holdt utandørs. Ein lærer seg dei viktigaste prinsippa innan turleiing og vert kjend med bruk av kart og kompass. Ved bestått nærturleiarutdanning kan ein leie turar på sti i nærområdet der ein er godt kjend.


Gjennomgang av kart og kompasslære er ein del av nærturleiarkurset. Ein lærer å sette kompasskursen og om faktorar som kan føre til feil kompasskurs. Kartet vert studert ned i kvar minste detalj for å lære korleis ein kan planlegge turen på førehand. Er det ein lett tur, eller skal ein gå i krevjande terreng med mykje stigning? Er det mykje myr og vatn? Kartlesing krev trening, men er svært nyttig å kunne meistre både før og under turen.

I tillegg til basiskunnskap om kart og kompass lærer ein mellom anna korleis ein kan finne ut tidsbruk på turen. Her går alle langs eit 15 meter langt tau for å finne ut kva skrittlengde man har. Det vert fort tydeleg at det er stor forskjel på skrittlengda blant deltakarane. Dette er viktig å hugse på når ein går på tur i større grupper.


Å gå på turleiarkurs er sosialt og kjekt! Ein vert kjend med fleire som deler same lidenskap for tur saman med andre. Er dette noko for deg? Ta kontakt med oss på sotraoygarden.turlag@dnt.no.

Tusen takk til Wenche Strømme som har stilt opp som kurshaldar heilt her ute i Øygarden kommune!