Gjekk heile Kystpasset på ei helg

Denne veka kunne me lese i Vestnytt om Kine og Kim som gjekk heile Kystpasset på ei helg. Det var ei helg med nydeleg vær, så alt låg tilrette for å få gjennomført målet.

Kystpass 2020 vart lansert i slutten av mars i år. Interessa for Kystpasset har eksplodert i år. I dag ser me på statistikken at det har vore over 13000 innsjekkingar, men talet er nok høgare enn dette sidan det diverre er ein del registreringar som forsvann frå databasen i juni.

Det er mange som har klart å gå alle 30 turane, men såvidt me kjenner til er det berre Kine og Kim som har gått heile Kystpasset på ei helg.

Jeg ante ingenting om hvor lang tid dette ville ta, eller hvor krevende det ville bli og det er jeg kanskje litt glad for. Kine Henriksen

Både Kine og Kim har gått mykje tur tidlegare. Begge har delteke på ulike konkurransar og tilstelningar som 7-fellstur, Bergen City Marathon, Bergens råeste, Bergen-Voss, andre toppturar og heilt vanlege søndagsturar. Likevel var dette meir krevjande enn ein skulle tru. Kine seier at ho ikkje har gått så mykje tur i Øygarden før, så Kystpasset er ein fin måte å bli kjend med mange av turane her i kommunen. Kim er meir kjend med turane, så han fekk stå for planleggingen og logistikken.

Kim har kontroll på logistikken
Kim har kontroll på logistikken Foto: Kine Henriksen
Første tur av 30 turar.
Første tur av 30 turar. Foto: Kine Henriksen

Det var viktig å få unnagjort nokre turar som krevde logistikk, deriblant turen til Lerøyna som krevde ein fergetur. Det var også greitt å få gjennomført nokre av turane som var noko krevjande, slik som Veten. Kine forteller at ho gjekk på ein smell her og hadde sårt behov for ekstra motivasjon.

Nei, du er ikke i kjelleren enda. Det kan bare bli verre og nå har vi bare 24 postkasser igjen! Kim Dale Eide

Med denne skrale motivasjonen måtte Kine ty til sin medfødte staheit. I løpet av dagen fekk dei sju klipp i Kystpasset. Den siste turen denne dagen var Haganesfjellet. Etter ei lang veke på arbeid måtte det jobbast litt med motivasjonen igjen. Halvvegs på turen opp til Haganesfjellet var det behov for påfyll av væske og energi. Sola var gått ned og mørket kom sigande. Hovudlykta var til god hjelp ei lita stund, men då den slutta å virke måtte dei finne vegen ned att i mørket.

Mørket kjem sigande når dei siste lysstrålene forsvinn ute i havet.
Mørket kjem sigande når dei siste lysstrålene forsvinn ute i havet.

Etter ei natt med berre fem timer søvn sat Kine og Kim igjen klar i bilen kl. 08:00 på veg til den nordlegaste Kystpassturen. Ein time seinare tok dei fatt på dagens etappe. Planen var å ta alle turane i gamle Øygarden kommune. Første turen gjekk til Rubbegarnståna. Denne turen var så flott at natta med lite søvn fort vart gløymd. Motivasjonen var på topp og klippene i Kystpasset gjekk unna. Når dei bikka tosifra tal på klippekortet innsåg dei at dette kunne gå.

Utsikten på Skogsøy var god nok til å fremkalle en tåre i øyekroken. For et skue! Kine Henriksen

Her på Skogsøy var det vakkert. Dei tok seg tid til å ta litt ekstra bilder her og nyte utsikta mot havet.

Når alle ti turane i gamle Øygarden kommune var gjennomførte såg dei at dei kunne rekke ein til tur i gamle Fjell kommune. Planen var å ta ein kjapp tur til Nordre Såta / Vindeneskvarven. Det var først her dagens smell kom. Med trøtte bein, gnagsår og hovudet fullt av inntrykk var det ikkje mykje som skulle til får å bomme på stien. Eit dyretrakk førte Kine og Kim ut på ville vegar. Dei klatra over fjell og baska seg gjennom skog før dei omsider fann fram til stien igjen. Kl. 21 kunne dei sige ned i bilsetet igjen og avslutte den 12 timar lange turen. No hadde dei fullført 18 Kystpassturar.

Etter ei litt betre natts søvn stod dei igjen klare til avgang kl. 07:30 søndag morgon. Tolv turar igjen og strålande vær. Turen starta bra med Kystpassturen på Tyssøy. Her bana dei veg mellom teltsovarar som nettopp hadde stått opp.

Lurer på hva de tenkte da vi kom «heseblesende» forbi og snakket om postkasser som om det skulle vært gull i enden av regnbuen… Kine Henriksen

Når dei hadde fått tre nye klipp i passet stod Liatårnet for tur. Dei hadde frykta denne turen sidan fredag og tenkte at smellen ville komme her, i alle fall etter å ha gått 26 Kystpassturar før dei skulle ta fatt på denne toppen. Smellen lot vente på seg. Den kom ikkje før dei var på veg til Fjellparken og landa i ein gjørmepøl med "blautaskit" opp til knea. Skoa som hadde så godt grep kom tilkort her. Med nokre ukvemsord, frustrasjon og ei raud postkasse i sikte kom dei seg vidare til klipp nr. 28. 

Det vart ein kort pause for beina då dei køyrde vidare mot sør og tok fatt på turen til Brotavarden.

Dagen og det hårete målet vart toppa med siste tur til Tenneset. Denne gongen virka hovudlyktane og det var behov for å ta dei fram etter at sola gjekk ned. Det var ei fantastisk kjensle å kome til Tenneset og få klipp nr. 30. Månen skinte over havskorpa.

Her fekk dei siste klippet. 30/30 turar!
Her fekk dei siste klippet. 30/30 turar!
Øygarden er full av vakre turmål og jeg anbefaler virkelig å se disse stedene. Gjerne ikke på en og samme helg, men spredt godt utover året. Vi er virkelig heldige som har så god tilgang på alle disse flotte perlene. Tusen takk til DNT for den gode innsatsen dere gjør. Uten alt deres arbeid, ville vi ikke hatt mulighet til å prøve oss på noe sånt som dette. God merking på stier, god informasjon om turene og all den innsatsen som dere legger ned i at alle som vil, skal kunne ta seg en tur. Når som helst, hvor som helst, i vakre Øygarden. Kine Henriksen

Dette var turruta:

Dag1: Vorlandstuo, Skaganeset, Selekletten, Lerøyna, Bestemortre, Veten og Haganesfjellet. 

Dag 2: Rubbegarnståna, Gløvrebu, Nautnes-Trollvatnet, Tjeldstø-Hovden, Skogsøy, Steinsvatnet, Dethloffhytta, Anekletten, Vikåsen, Storskåra og Nordre Såta.

Dag 3: Tyssøyna, Larslivatnet, Saltskohavnen, Spjeldsfjellet, Havutsikten-Kårtveitpollen, Krabbakjeila, Ånesvika, Nonfjellet, Liatårnet, Fjellparken, Brotavarden og Tenneset.

Bla gjennom bildekarusellen for å sjå alle innsjekkingane i SjekkUT:

Skrevet av Heidi Reisegg Endal 10. september 2020