Kystpasset 2021 er lansert

Foto: Heidi Reisegg Endal

27. mars vart endeleg Kystpasset 2021 lansert. Me var tidleg ute om morgonen og køyrde Kystpasset ut til alle butikkar i kommunen. Det var tydeleg at mange hadde venta på dette. Seinare på dagen var det behov for påfyll på butikkane på Straume.

Første dag med Kystpasset 2021 kunne ikkje vore betre tima enn dette. Berre nokre dagar før lanseringa fekk me råd om å halde oss i kommunen i påska. Dei fleste aktivitetar vart avlyste. Arrangementet rundt opninga av Dagsturhytta vart også avlyst. Dørene til hytta vart opna av ordføraren dagen før Kystpasset vart lansert.

Då me stod opp 27. mars var det sol og blå himmel. På Facebooksida var det allereie kome inn fleire meldingar:

"Vil ut på tur allerede nå, er det noen steder Kystpasset er lagt ut i dag?"
"Gleder meg til nye turer!"
"Da er påsken reddet. Tusen takk for arbeidet dere gjør!"
"Kjempeflott! Er det mulig å få tak i Kystpasset før lørdag? Vil starte tidlig"

Det er gledeleg å sjå at Kystpasset har stor betydning for så mange. Det er dette me arbeider for i DNT. Me ynskjer å få flest mogleg ut på tur. I ei tid der me ikkje kan ha store arrangement og samlingar er det fint å ha eit Kystpass som likevel samlar så mange utan at det påverkar smittevernreglane. Det einaste me må hugse på er å bruke håndsprit når me klipper. Ta med håndsprit og Kystpass i sekken, så er du klar.

Det første klippet i eit rykande ferskt Kystpass.
Det første klippet i eit rykande ferskt Kystpass. Foto: Heidi Reisegg Endal

Det er mange som brukar Sjekk-UT appen også. Me vil likevel råde alle til å bruke klippekortet i tillegg dersom de vil bli med i premietrekninga. I 2020 var det problem med Sjekk-UT appen og mange opplevde å miste ein del av sine innsjekkingar.

Statistikk etter eit døgn.
Statistikk etter eit døgn.

Etter berre eit døgn ser me at det er nesten 600 deltakarar registrert i SjekkUT-lista. Til samanlikning så var det 660 påmeldte deltakarar i heile 2019. Dette lover bra for turåret 2021. Gardafjellet, Larslibua og Liatårnet ligg øvst på lista.

Ordføraren vår har også sikra seg eit eksemplar av Kystpasset 2021.
Ordføraren vår har også sikra seg eit eksemplar av Kystpasset 2021. Foto: Heidi Reisegg Endal

Sotra Øygarden Turlag starta planlegginga av Kystpasset 2021 allereie sommaren 2020. Det ligg mange timar med planlegging bak Kystpasset. I tillegg til dugnad på stiane har det gått med ein god del timar framfor PC-en. Me har rydda i Kystpasset og flytta litt på innhaldet. I tillegg har me fått med reglar om allemannsretten, telttips, informasjon om DNT-medlemskap og mykje meir.

I år fekk me også god hjelp av kartavdelinga i kommunen til å lage grundige kartutsnitt. Me har gått opp alle turane med GPS og sendt ynskja rute til kartavdelinga. Dei har også merka kvar ein kan parkere. Det er er viktig at ein parkerer der det er merka av i kartet sidan det er dette området som er avklart med grunneigar.

Sjå bildekarusellen her for bilete frå dugnad:

Me håpar at det blir minst like mange deltakarar i år som i fjor. Dei som går alle 30 turane i år vil få eit merke. Du må gå minst 10 turar for å vere med i premietrekninga (barn under 6 år minst 7 turar). Om du vil vere med i trekninga av flott hovudpremie må du vere medlem i DNT. Hugs å krysse av på klippekortet at du er medlem.

Då ynskjer me alle eit riktig godt turår!

Tusen takk til alle våre sponsorar som er med på å finansiere Kystpasset slik at det er gratis for alle å delta.


Kystpasset 2021kan du sjå her

Inspirasjonsfilm til Kystpasset kan du sjå her