Dugnad i strålande sol og fint kystlandskap

Første dugnadsdag på stien mot Bekhilderen.
Første dugnadsdag på stien mot Bekhilderen. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik

Sotra Øygarden Turlag har starta dugnadsarbeid på stien mot Bekhilderen. 

Bekhilderen har blitt eit svært populært turmål. Stien får slitasje, spesielt på dei våtaste områda, og ei trapp er vond å gå i. Laurdag 21. august kl. 10.00 var vi fire personar som møtte på parkeinga til Telavåg idrettsplass for å gjera ein innsats med utbetring av stien. 

Dugnadsleiar Reidar Vorland hadde gjort forarbeid med å kjøpa inn materialar, kappa dei i riktig lengde, for å skru saman til nye klopper. Noko av materialane hadde han plassert ved stistart, men lenger ute var det brukt båt for å frakte materialane så nære trappa som mogeleg.

Då var det berre for oss å starte med å bere materialar og skru saman til klopper.

Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik

Tenk heile fem klopper er på plass før ein kjem til trappa. Så ved neste dugnad her må vi bere meire materialer på plass for utbetring  av trapp, og fleire klopper vidare ut mot Bekhilderen.

Dagens ver kunne ikkje vore betre for dugnad ute i terrenget. Lyngen stod fin i blomst og lukta godt. Først på dagen var det mykje mygg (knott) men Sverre hadde med myggspray. Det var bra. Seinare vart det meire sol og myggen forsvann.

Ein herleg dag i terrenget! 

Hertil er materialar for trappa og klopper lenger ute frakta til med båt.
Hertil er materialar for trappa og klopper lenger ute frakta til med båt. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Kjekke, flinke karar på dagens dugnad.
Kjekke, flinke karar på dagens dugnad. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Hertil kom vi denne dugnadsdagen.
Hertil kom vi denne dugnadsdagen. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik