Tirsdagsgruppa på tur til Gardafjellet 13.10.2020

Det vart ein fin tur til Gardafjellet med skyfri himmel og herleg haustsol. Glade turgåarar kunne ikkje få betre turver.

Vi starta på Hald stadion og møtte fleire på Fjell.  18 sprekingar tok turen til Gardafjellet. Eit nydeleg ver i fint terreng. Ein del våte partier. På toppen pausa vi, nytte utsikta og nista vår.

Eit stykke nord for den nye gravplassen, gjekk vi tilbake til den gamle kyrkjevegen, og kom inn på stien vi hadde gått. Med på turen var lokale karar som guida oss. Takk til Sverre F. Atle N. Og Kåre F.

Etter vel tre timar var vi tilbake på Hald stadion. Takk for ein fin tur i lag med kjende og nye ansikt!


Tekst: Sigrid Venke H. Fjeld

Foto: Sidsel Frøkedal
Foto: Sidsel Frøkendal
Foto: Sigrid Venke Håkonsund Fjeld
Foto: Sigrid Venke Håkonsund Fjeld
Foto: Sigrid Venke Håkonsund Fjeld

Skrevet av Anne-Liv Foldnes Bjørsvik 15. oktober 2020