Rundtur på Ono med onsdagsgruppa

Klar for tur, broddane er på plass
Klar for tur, broddane er på plass Foto: T. Wågø

29 spreke seniorar blei med på onsdagstur rundt Ono 17. februar.

Vi møttest som vanleg på nedre parkeringsplass ved Fjell kyrkje, samla oss i så få bilar som koronareglane tillet, og kjørte derifrå til ein parkeringsplass rett over brua til Ono, der stien startar.

Stien var litt isete og glatt somme plassar, men vi var bra utstyrt med broddar og kjettingar, så vi unngjekk fall og skadar. Vest på øya var det mindre is og lettare å gå. Her ned mot sjøen på vestsida fann vi og fine svaberg til nistepause. Vi fekk til og med nokre solgløtt under nistepausen.

På turen tilbake til parkeringsplassen, måtte vi ta ein ekstra rundtur rundt ei bukt, fordi stor flo hadde stengt den merka stien.

Her er det lett å hoppe over, det var verre på tilbakevegen. . .
Her er det lett å hoppe over, det var verre på tilbakevegen. . . Foto: T. Wågø
Lang lang rekke i lyngheia
Lang lang rekke i lyngheia Foto: T. Wågø
Foto: T. Wågø
På veg mot ein liten topp
På veg mot ein liten topp Foto: T. Wågø
Nistepause
Nistepause Foto: T. Wågø

29 spreke seniorar blei med på onsdagstur rundt Ono 17. februar.

Skrevet av Tormund Wågø 17. februar 2021