Tirsdagsgruppa sin tur til Storaskjenet den 16.mars 2021

Foto: Mette Jacobsen

Det vart nok ein fin tirsdagstur i strålande vêr med tilsaman 18 spreke og glade pensjonistar! Turane er reine sjeleboten  i desse offselege Corona-tidene me lever i ! 

Me starta frå rundkjøyringa ved Skogsvåg barneskule og gjekk opp lia i syd-austleg retning mot Dommedalen. Her er stien grusa eit stykkje fram til ei skråning med ulike naturapparat tillaga for fysiske aktivitetar mynta på skuleelevar. Stien går deretter opp til høgre og inn i skogen, før den flatar ut og går bratt ned i Dommedalen. Det var både vått og stadvis rim og is på stien, spesielt i hellingane mot nord og nord-aust, men heldigvis var det ingen som falt og skada seg.

På ryggjen opp mot Storaskjenet møtast stien me gjekk på med stien som går opp lenger vest frå Skogsvåg skule. Det var denne vestre stien me tok på returen. Slik fekk me ein fin rundtur som tok i øverkant av 2 timar med innlagd matpause på toppen.  Flott skue frå toppen i alle himmelretningar!  Vi «benka» oss på bergnabbane i hellinga fram mot det stupbratte berget i sør for å unngå nordavinden. Her blinka bekken som renn mot Førde i sollyset i dalen nedanfor oss. Snøvinteren 2010 gjekk eg og mange andre skiglade strilar på ski langs dette bekkefaret frå Skogsvåg til Førde. Ei flott oppleving!

På returen vart det diskutert kva endinga «skjenet» i Storaskjenet eigentleg tyder. Det er mange skjen i Øygarden, mellom anna Skjenet på Straume og Skogsvågskjenet. Ingen var heilt sikker på tydinga av ordet. Hadde Johannes Høyland vore med oss, hadde vi nok fått svar!

Eg steppa inn som turleiar for Gudrun Johanne, då ho ikkje kunne ta på seg oppgåva denne gongen. 

Helsing Mette Jacobsen

Foto: Mette Jacobsen
Foto: Mette Jacobsen
Foto: Mette Jacobsen
I ly for nordavinden, herleg i sola.
I ly for nordavinden, herleg i sola. Foto: Mette Jacobsen