Turboklubben bygde fuglekassar

Foto: Heidi Reisegg Endal

Dei som gjekk tur på trimløypa mellom Foldnes og Hjelteryggen onsdag 17. mars fekk nok høyre eit skikkeleg snekrekor ved Dagsturhytta (Larslibua)

Det var 17 Turboklubb barn og foreldre som laga fine fuglekassar.

No kvitrar fuglane om morgonen. Dei er nok på jakt etter nokon å dele hus med. Denne våren kan dei få flytte inn i fine fuglekassar som vart laga i Turboklubben. Alle barna fekk med seg kvart sitt hus heim.

Det var godt samarbeid mellom store og små, så i løpet av ein time hadde me satt saman 17 fuglekassar. Det vert spennande å sjekke i haust om det har budd ein liten fuglefamilie i kassene.

Her var det mykje lyd når 17 hammere var i sving
Her var det mykje lyd når 17 hammere var i sving Foto: Heidi Reisegg Endal
Godt samarbeid mellom store og små.
Godt samarbeid mellom store og små. Foto: Heidi Reisegg Endal
Fuglekassa tek form og byggjaren er stolt.
Fuglekassa tek form og byggjaren er stolt. Foto: Heidi Reisegg Endal
Siste hånd på verket. Ein liten inngang til den som vil bu i denne kassa.
Siste hånd på verket. Ein liten inngang til den som vil bu i denne kassa. Foto: Heidi Reisegg Endal