Onsdagsgruppa på rundtur på Toftøyna, nord i Øygarden kommune 24.03.2021

På stien mot Anekletten. Steingard i bakgrunnen.
På stien mot Anekletten. Steingard i bakgrunnen. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik

Det vart ein rundtur over Anekletten og vidare rundt på Toftøyna for 28 turgåarar. Vi fekk ei regnbyge på oss på toppen av Anekletten,  men mest sol på resten av turen.

Dei fleste turgåarane møtte på Fjell. Andre hadde meldt frå at dei ville møte ved turstart. Turleiar hadde avtale med Torsvik elektro AS  (historisk navn Torsvik Elektriske AS) om parkering. Det var godt at vi fekk lov til det, for i desse koronatider vart det ein del bilar sidan vi ikkje kan vera så mange i kvar bil.

På austsida av  Rv. 561 gjekk vi ut i terrenget. Denne stien er ein del av Nordsjøløypa. Den er godt merka med blått. Vi gjekk på ein del berg. Her er lagt ned kloppar men det var litt vått i stien utanom kloppane også.

På Anekletten 60 m.o.h. skulle vi sjå på utsikta, men noko redusert vart det av grå dis og ei regnbyge akkurat då vi var der.

Her ute er fint kyst- og kulturlandskap med bruk av steingardar som har lange tradisjonar.  I myrane her har det vore teke torv. Vi såg to restaurerte bygg/uthus her i marka.

Matpause tok vi ved eitt av desse bygga, og der raud turkasse er plassert.

Etter matpausen gjekk vi vidare i ope landskap og skog mot Breivik hyttegrend. Inne i skogen tok vi ein stopp for litt Jacob Sande diktlesing av Atle Nordvik. 

Ved hyttefeltet vart det ein liten tur nedover mot sjøen for å sjå på fjorden og over til Askøy med Hanøytangen. Deretter tok vi vidare mot sør på grusveg til hyttefeltet sin parkeringsplass. Her var det parkering både for bilar og trillebårer. 

Siste del av turen kunne ha vore langs riksvegen på asfalt, og med støy av all trafikken. Men vi gjekk over haugen og ned til busetnaden og vegen til Toft, forbi skulen og oppatt til bilane. Turtida var berekna til 3 timar frå Fjell og tilbake dit. Men vi hadde allerede brukt 3 timar då vi kom til bilane. Men turleiar vart tilgitt. Det var fin sol, og berre blide ansikt å sjå.

Takk for turen!

Ønskjer alle; Riktig god påske!


Første fotostopp.
Første fotostopp. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Opp trapp før Anekletten.
Opp trapp før Anekletten. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
På Anekletten. Solbjørg Helen Vik informerer kva vi ser rundt om kring oss. Synd med grå dis og regn då vi var der.
På Anekletten. Solbjørg Helen Vik informerer kva vi ser rundt om kring oss. Synd med grå dis og regn då vi var der. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Så er det tid for matpause. Sola skin på oss.
Så er det tid for matpause. Sola skin på oss. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Matpause. Her var mange plassar vi kunne sitja og samtidig halda korona-avstand.
Matpause. Her var mange plassar vi kunne sitja og samtidig halda korona-avstand. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Matpause med mange små grupper.
Matpause med mange små grupper. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Atle Nordvik. Liten stopp i skogen for å høyre Atle lese dikt av Jacob Sande.
Atle Nordvik. Liten stopp i skogen for å høyre Atle lese dikt av Jacob Sande. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Nokre av Atle sitt publikum .
Nokre av Atle sitt publikum . Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Resten av publikum til Atle. Vi fekk høyre: På krambua, og om Åse Fantemor.
Resten av publikum til Atle. Vi fekk høyre: På krambua, og om Åse Fantemor. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik