Onsdagsgruppa sin tur til Vorlandstuva 27.10.2021.

Blikkstille på Vorlandsvatnet og sol litt lenger borte.
Blikkstille på Vorlandsvatnet og sol litt lenger borte. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik

Det var veldig vått i terrenget. Våte vart vi vel dei fleste både på føtene og buksebeina. Endå godt det var ein dag utan regn.

På Fjell møtte det 24 personar som ville gå tur til Vorlandstuva. Dessverre hadde Terje som opprinneleg skulle vera 1. turleiar på denne turen hatt eit fall på prøvetur til Vorlandstuva, og kunne ikkje stille som turleiar. Men andre hadde sagt ja til å ta over, både turleiar og kjentmann. Kona Marta var den siste som hadde gått opp turen og visste korleis det var i terrenget. Så då kunne ho vera kjentmann/kvinne. Med ein annan 1. turleiar framme og 2. turleiar bak vart det tur.

Vi kjørte til parkeringa ved/bak Haugeskulen og starta å gå ein rundtur derifrå. Først på grusveg og så ut i marka og langs Vorlandsvatnet.

Vorlandstuva har høgd 190 m.o.h. Det vart stigning i  to etappar. Vi hadde fleire små pausar på veg oppover.  Sola var til å koma gjennom den grå disen. Kanskje vert det fint når vi når toppen? -men nei. På toppen var det sur vind og grått. Lite utsikt, men det smaka godt med mat.

Nedatt turen var ganske bratt. Men det gjekk bra. Ingen uhell. Rundturen vi gjekk vart på 5,4 km, og vi brukte 2 t. 50 min. ute i terrenget.

Vi var tilbake til Fjell kl. 14.15. Vi brukte litt over estimert tid som var 3,5 t. (Frå Fjell og tilbake til Fjell) Her vart det då 3 t. 45 min. Sjølv om det var veldig vått i terrenget og strie elvar så vart det ein fin tur med kjekke turgåarar.

Veldig mykje vatn i terrenget. Her var det vanskeleg å koma både oppå  og utav ved denne kloppen.
Veldig mykje vatn i terrenget. Her var det vanskeleg å koma både oppå og utav ved denne kloppen. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Kvar skal vi trø? Godt å få henvisning og hjelp.
Kvar skal vi trø? Godt å få henvisning og hjelp. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Langs Vorlandsvatnet. Her er vatnet i stien.
Langs Vorlandsvatnet. Her er vatnet i stien. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Så startar oppstigninga.
Så startar oppstigninga. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Fortsatt oppover.
Fortsatt oppover. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Siste kneik før toppen.
Siste kneik før toppen. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Kø for klipp i Kystpass 2021.
Kø for klipp i Kystpass 2021. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Matpause
Matpause Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Matpause
Matpause Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Godt å få hjelp for alle her. Mykje vatn og sleipe steinar.
Godt å få hjelp for alle her. Mykje vatn og sleipe steinar. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Takk for turen!
Takk for turen! Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik

Skrevet av Anne-Liv Foldnes Bjørsvik 27. oktober 2021