Onsdagsgruppa sin rundtur frå Fjell til Gardafjellet, Kolltveitmarka og tilbake ved Halljesvatnet den 24.11.2021

På veg mot Gardafjellet.
På veg mot Gardafjellet. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik

Onsdagsgruppa sin siste tur i 2021 vart ein grå og regntung dag, men ingen sure miner hos desse tøffe turfolka.

Turen med 21 turgåarar starta frå nedre parkering ved Fjell kyrkje så i dag vart det ikkje noko ekstra kjøring. Først vart det litt informasjon om turen. Spesielt om Kolltveitvassdraget med oppdemning og styring av vasstilførsel til Kolltveit til to kverner, seinare mølle, og hermetikkfabrikk.

Vi gjekk først inn på den gamle kyrkjevegen mot Morland. Turleiar prøvde eit stopp der det før har vore ei kvern, men det var slik sus frå elva at vi måtte heller ta ein stopp lenger oppe. Det var veldig mykje vatn i elva. Ingen høyrde kva eg ville fortelje der nede. I elva der kveda har stått kan vi sjå det ligg kvednastein, og på ein stor stein like ved er det høgd inn CKHN 1822.

Så bar det avgårde til Gardafjellet 112 moh. Vi gjekk nedatt litt lenger nord enn vi kom opp, kryssa den gamle kyrkjevegen og gjekk vidare mot Kolltveitmarka.

Det nærma seg tid for matpause. Det var så vått i marka, og vi begynte å bli våte vi også så vi såg etter ein plass for å setja oss. Det vart til slutt ein lang klopp over ei myr. Der kunne vi alle sitja og samstundes halda avstand slik vi er blitt oppmoda til i det sist når det gjeld smitte. Tenk mens vi sat der slutta det å regna for ei stund.

Men no var det tid for å snu mot Fjell att, over stemmene ved Halljesvatnet. 

Turen vart på litt over 3 timar. Ingen uhell. Fortsatt ingen sure miner, berre blide turgåarar. Turen var fin, men det var vått. Endå godt at det ikkje var is på alt dette vatnet vi trakka i. Vi er komen til slutten av november så vi kan vente oss vinterver.

Neste onsdag vert det avslutning av turåret med sosialt samvær. Påmeldingsfrist er i dag 24.11. 

Takk for alle turar i 2021! Neste år startar vi opp att med første tur den 12.01.2022. Velkommen med på tur i 2022 også!

På toppen av Gardafjellet.
På toppen av Gardafjellet. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Ned frå Gardafjellet.
Ned frå Gardafjellet. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
I Kolltveitmarka. Her kan vi lese om Kolltveitvassdraget.
I Kolltveitmarka. Her kan vi lese om Kolltveitvassdraget. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Litt ulendt og bratt ned, og godt å få litt help oppi bakken.
Litt ulendt og bratt ned, og godt å få litt help oppi bakken. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Vel nede på myra og ein lang klopp der vi rett og slett sette ned oss for matpause.
Vel nede på myra og ein lang klopp der vi rett og slett sette ned oss for matpause. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
På tilbakeveg til Fjell. Her på ei av stemmene ved Halljesvatnet.
På tilbakeveg til Fjell. Her på ei av stemmene ved Halljesvatnet. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Hysj, hør.... "Kven er det som tramper på mi bru?"
Hysj, hør.... "Kven er det som tramper på mi bru?" Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Våt sti og våte myrar var det rikeleg av på denne turen.
Våt sti og våte myrar var det rikeleg av på denne turen. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
Tilbake på den gamle kyrkjevegen på Fjell. Siste mann kom seg også trygt over steingarden.
Tilbake på den gamle kyrkjevegen på Fjell. Siste mann kom seg også trygt over steingarden. Foto: Anne-Liv Foldnes Bjørsvik

Skrevet av Anne-Liv Foldnes Bjørsvik 24. november 2021