dugnadsgruppa

Dugnadsgruppa er ein viktig ressurs for alle som bruker turstier i Øygarden kommune. Gruppa rydder og merker stiane våre og har eit stort sosialt fokus.

Leiar i dugnasgruppa er Reidar Vorland. Har du lyst til å være med i Dugnadsgruppa til Sotra Øygarden Turlag kan du kontakte oss på e-post sotraoygarden.turlag@dnt.no,  eller leiar Reidar Vorland, tlf 48020702.

Frivilliggoder

Som frivillig får du 30% rabatt på rettleiande pris i Tursenteret i Marken i Bergen og 2 gratis overnattingar på Turlagets hytter per år. Du får også dekka dine utgifter under oppdrag som frivillig. I tillegg får du tilbod om DNT-klede frå Bergans, Devold og Viking til sterkt rabatterte prisar. Du kan også delta på eigne turar og arrangement berre for frivillige i Turlaget.