informasjon for turleiarar

På denne sida finn de all informasjon de treng som turleiar i Sotra Øygarden turlag.

Klikk på lenkene her under for å lese viktig informasjon.

Turleiarinstruks

Sotra Øygarden Turlag følger Bergen og Hordaland Turlag sin TURLEIARINSTRUKS. Klikk HER.

Alle turleiarar skal ha med kortet "Handlingsplan ved ulykke" i sekken på turleiaroppdrag. Kortet finn du HER.

Alle uhell eller ulykker meldast til leiar i lokallaget: sotraoygarden.turlag.leder@dnt.no

Meir informasjon om BEREDSKAP finn du HER

Økonomi og utlegg

Alle utlegg vert refundert av kasserar i Sotra Øygarden turlag.

Kasserar har to e-postadressar:

1. sotraoygarden.turlag@ebilag.com

Denne brukar du dersom:

  • du har motteke faktura som kasserar skal betale. Send faktura som vedlegg.

Det er ikkje mogleg å sende epost UTAN vedlegg til denne epostadressa. Tekst som blir skriven i denne eposten er ikkje synleg for kasserar. Fakturaen går rett til rekneskapsystemet.

2. sotraoygarden.turlag.kasserer@dnt.no

Denne brukar du dersom:

  • du har utlegg du ynskjer refundert. Ta bilde av / scan kvittering og send som vedlegg.

Dette må du oppgje i eposten:

  • namn på den som ynskjer refusjon
  • kontonummer beløpet skal refunderast til
  • dato og kva type arrangement utlegget kan knyttast til


Reiserekning i samband med turleiaroppdrag finn du HER. Trykk på "reiseregning-Turlederoppdrag" under "økonomi".  Ferdig utfylt skjema sendast til:sotraoygarden.turlag.kasserer@dnt.no

Registrering av dugnadstimar

Registering av dugnad og aktivitet er viktig for å sjå utviklinga i laget. Sotra Øygarden turlag nyttar Bergen og Hordaland Turlag sitt spørreskjema til å registrere all frivillig aktivitet. 

Ein av turleiarane fyller dette ut etter kvar tur. Avtal gjerne etter turen kven som gjer dette. Førebuing og etterarbeid i samband med turen skal også registrerast. Skjema finn du HER

Slik går du fram når du registrerer turleiaroppdrag:

  1. Velg "Sotra Øygarden"
  2. "Ditt navn". Ikkje skriv heile namnet. Bruk initialer.
  3. "Kort beskrivelse av aktiviteten". Til dømes: "onsdagsgruppa på tur til Golta"
  4. Velg "Ein enkelt aktivitet".
  5.  Fyll ut "Dato for aktiviteten".
  6. Hak av på "Tur"
  7. Velg "målgruppe for aktiviteten"
  8. Velg "Tur"
  9. velg "antall dagar" (som regel 1 dag på våre fellesturar)
  10. Fyll ut "antall turdeltakarar". Ikkje tell med turleiarane.
  11. Her fyller du ut kor mange Turleiarar som var med.
  12. Her skriv du det totale timetalet: timar per turleiar frå avreise heime til retur heime + tidsbruk på førebuing og etterarbeid per turleiar. 
  13. send inn svaret.


Dersom du skal registrere dugnadsarbeid velger du "Dugnad" i staden for "Tur" ved punkt 6. Vidare gjer du slik:

          7.   Kva type aktivitet: velg feltarbeid for arbeid ute på stiar m.m. Velg komitè/ styrearbeid for å registrere turleiarmøte                    og anna administrativt arbeid.

          8.   Fyll ut kor mange som var med på dugnad.

          9.   Fyll ut kor mange timar sjølve aktiviteten varte.

          10. Send inn svaret.


Skrive turreferat

Etter kvar tur skriv ein av turleiarane turreferat. Dette skal publiserast på heimesida sotraoygarden.dnt.no og på Facebooksida til Sotra Øygarden Turlag. Turreferat skriv me i Sherpa. Sherpa er DNT sitt publiseringsverktøy og brukast til all informasjon som visast på heimesida. Dersom du ikkje har fått tilgang til Sherpa kan du sende epost til leiar i Sotra Øygarden Turlag:

sotraoygarden.turlag.leder@dnt.no

For instrukser på korleis du skriv turreferat går du inn HER.

Når turreferatet ligg på heimesida kan det publiserast på Facebook. Det gjer du slik:

  1. Gå inn på Facebooksida til Sotra Øygarden Turlag.
  2. Velg "opprett innlegg"
  3. Legg ved eitt bilete frå turen.
  4. Skriv kort tekst om turen og "les meir her:"
  5. Opne ny fane i nettlesaren og gå inn på heimesida sotraoygarden.dnt.no
  6. Finn referatet.
  7. Ta kopi at nettadressa øverst på sida, i adressefeltet.
  8. Gå tilbake til innlegget på Facebook. Lim inn nettadressa bak "les meir her"
  9. Velg "publiser" eller "innlegg". Du treng ikkje å velge "Framhev".