KYSTPASSET

DNT arbeider for eit rikt liv med enkle midler. DNT skapar naturopplevingar for livet og tek vare på den norske friluftstradisjonen i fjellet, i skogen, langs kysten, i tettstader og i byen.  Kystpasset er eit lågterskeltilbod som aukar i popularitet. Stadig fleire får augene opp for kor mykje flott kysten vår har å by på og Kystpasset vårt har nådd ut til fleire kommunar i heile landet.

Her får du heile historia bak Kystpasset.

Kystpasset vart starta av gamle Sund Turlag. Dette lokallaget vart stifta våren 2012. I dag er Sund Turlag ein del av Sotra Øygarden Turlag etter at det vart slått saman med lokallaget Fjell Turlag og gamle Sotra-Øygarden Turlag.

INSPIRASJONSFILM TIL KYSTPASSET
INSPIRASJONSFILM TIL KYSTPASSET

Klikk på bilete for å sjå inspirasjonsfilm til Kystpasset 2021.

KYSTPASSET 2021
KYSTPASSET 2021

Klikk på bilete får å sjå Kystpasset 2021.

Fredrik Mortensen var leiar i Sund turlag og tok initiativ til å lage Kystpasset som vart lansert til påska 2013. Då heitte det “Kystpasset - Ramsalte turar i Sund”. Det første Kystpasset hadde 14 turmål. I tillegg stod det informasjon om Perler i Nordsjøløypa, DNT, geocaching og bruk av kart og kompass. Sparebanken Vest og 26 andre bedrifter var rause med sponsing, og bidrog til at Kystpasset kunne leverast ut i alle postkassar i Sund. I tillegg kunne ein få Kystpasset på Kiwi og Biblioteket på Sund senter.

Fjell Turlag, som også vart stifta i 2012, hadde fleire liknande konsept med forskjellinge namn som Fjell trimmen, Fjell på langs, Ti På Topp og Kysttrimmen. Det starta med Ti På Topp og klippekort i 2012. Etterkvart kom Fjell Trimmen som opererte med sms-teneste. Kysttrimmen kom etter Fjell Trimmen og vart digital med SjekkUT-appen i 2017. 


Sund Turlag fekk så mange gode tilbakemeldingar på Kystpasset at det inspirerte til å lage nye kvart år etter dette. Fleire turar kom inn år for år, og talet på sponsorar auka også. Etter andre året slutta turlaget å leggje Kystpasset i alle postkassar. I staden vart det distribuert på biblioteket, servicetorget, bensinstasjonar, butikkar, hotell og museum. I 2018 vart Kystpasset også tilgjengeleg digitalt via SjekkUT-appen.


Turlaget og Biblioteket i Sund senter inviterte kvart år til arrangement med utdeling av premier når ein Kystpassperiode vart avslutta. Alle som hadde fullført minst sju av turane fekk gåver som kopp, pins, t-skjorte eller panneband. Dette inspirerte særleg barnefamiliar til å prøve ut både nærturar og stiar i heile kommunen. Etter kvart vart også turprogrammet til Sund Turlag teke med i kystpasset, i tillegg til informasjon om strandrydding. I samband med Friluftslivets år i 2015 kom ein del av løypene inn i Biblioteket sin web-app: www.ordispor.no Her finn ein mykje informasjon med både turskildringar, historie og video frå turmål.


Fellesnemnda for Nye Øygarden kommune ynskte tidleg eit felles turhefte for dei tre gamle kommunane Sund, Fjell og Øygarden, basert på Kystpasset til Sund Kommune. Dette vart teke vidare i arbeidsgruppa for Lokaldemokrati og identitet. Sund Turlag stilte seg positiv til dette, så i 2019 kom det første Kystpasset som dekka heile den nye kommunen, eitt år før kommunesamanslåinga. Det var no heile 30 turar i Kystpasset, med 10 turar frå kvar av dei tre gamle kommunane. Dette var positivt for å utvikle ei vi-kjensle og felles identitet. Kysttrimmen til Fjell turlag vart fasa ut og arbeidet med Kystpasset vart vidareutvikla.


I 2020 gjekk interessa for Kystpasset rett til værs då det var mange som hadde behov for å kome seg ut under Koronapandemien. Det var bestilt 10.000 Kystpass og like mange klippekort. Samtlege Kystpass vart delt ut og også fleire tusen klippekort. I SjekkUT-appen vart det registrert over 20.000 innsjekkingar.


I arbeidet med Kystpasset 2021 har me teke med utbetringsforslag som me har fått frå brukarar av Kystpasset. Me har mellom anna fått betre kartutsnitt. Styret i Sotra Øygarden Turlag har logga alle turane med GPS og sendt inn til kartavdelinga i kommunen. I tett samarbeid med kartavdelinga fekk me gode innteikningar av stiane der me fekk med tydeleg merking av parkering og kvar turkassa er. Me har fått med meir informasjon om friluftsliv som til dømes fine teltplassar i kommunen, informasjon om allemannsretten og informasjon om DNT-medlemskap.


Friluftsliv og gode fellesskapsopplevingar er med på å fremje folkehelse og trivsel. Fleire har gjeve oss tilbakakemelding om at dei kjem seg ut på fleire turar takka Kystpasset.Turlaget er stolt av å kunne bidra til dette.

Kystpasset 2013
Kystpasset 2013
Kystpasset 2014
Kystpasset 2014
Kystpasset 2015
Kystpasset 2015
Forside Kystpasset 2016
Forside Kystpasset 2016
Kystpasset 2017
Kystpasset 2017
Kystpasset 2018
Kystpasset 2018
Kystpasset 2019
Kystpasset 2019
Kystpasset 2020
Kystpasset 2020