Lutatangen på Golta

Fellestur

Dato
27. januar 2021 kl. 10:30 - 14:30
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangører
Sotra Øygarden Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Nordhordland (se kart)

Pga. Covid 19 må vi som ansvarleg arrangør ha påmelding med namn og kontaktinformasjon i forkant av kvar tur. Det blir namneopprop ved oppmøte. Hugs 1 m. avstand, personleg antibac og evt. munnbind.

Vi møtest på nedre parkering ved Fjell kyrkje kl 10.30, og kjører derifrå til ein parkeringsplass på Golta, der stien ut til Lutatangen startar. Vi følgjer stien ut til Sandvika, heilt vest på øya, her finn vi ein lun plass til nistepause. 

Stien  har ikkje mange høgdemeter, den har eitt litt bratt parti og enkelte myrområde, men er elles lett å gå. Etter nistepausen tek vi same vegen attende til parkeringsplassen.

Turleiarar: Sigrid Steffensen og Tormund Wågø (tlf. 95461175)

Lutatangen på Golta

Pga. Covid 19 må vi som ansvarleg arrangør ha påmelding med namn og kontaktinformasjon i forkant av kvar tur. Det blir namneopprop ved oppmøte. Hugs 1 m. avstand, personleg antibac ...