Til Saltskohavn med Tirsdagsgruppa

Fellestur

Dato
2. november kl. 10:30 - 13:30
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Arrangører
Sotra Øygarden Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Nordhordland (se kart)
Dette arrangementet er over!

Oppmøte: Hald stadion kl. 10.30.

Om ein startar å gå turen frå Vågo så er det på sti som hyttefolka har nytta gjennom tidene. Når ein kjem opp på haugane, ta ein liten avstikkar frå stien og du vil få fin utsikt over Anglavika med busetnad og hytter, og Båtlaget Ran sitt anlegg. Dei næraste husa nede til venstre er på Vågo. Du ser Hjeltefjorden og mykje meire.

Vel framme på kaien på Saltskohavn ser du over til Askøy, og skipsleia sørøver eller inn til Bergen.

Turtid er rekna til ca. 1,5-2 timar i terrenget med matpause + kjøring tur/retur 1 time. Tidsbruk totalt for denne turen kan bli omlag 3 timar. Det er ein enkel, lett tur. Her er enkelte våte parti i stien.

Hugs mat og drikke. Sko og kle deg etter slik veret er denne dagen. Er det glatt kan det vera greit med broddar.

Her er ein liten filmsnutt frå tur til Saltskohavn:

Velkommen på tur! ja, om du er medlem eller ikkje.

Men som medlem støttar du Sotra Øygarden Turlag som er eit lokallag under Bergen og Hordaland Turlag. Di støtte hjelper oss til å halda aktivitetane i gang. Du kan lese meir om medlemskap og melde deg inn her:

Generelle vilkår som for Bergen og Hordaland Turlag:

Smitteverninstruks for DNT her:

Til Saltskohavn med Tirsdagsgruppa

Oppmøte: Hald stadion kl. 10.30. Om ein startar å gå turen frå Vågo så er det på sti som hyttefolka har nytta gjennom tidene. Når ein kjem opp på haugane, ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Sidsel Frøkedal
  • Rita Sivertsen