På grunn av Covid-19 må vi som ansvarleg arrangør ha påmelding med namn og kontaktinformasjon for kvar tur.Det vert namneopprop ved oppmøte. Hugs 1 m. avstand, og evt. munnbind og antibac.
Vi møtest som vanleg på nedre parkeringsplass ved Fjell kyrkje klokka 10.30. Herifrå kjører vi til ein parkeringsplass i enden av Fjæreidevegen. Så følgjer vi ein godt merka sti langs vestsida av Fjæreidevatnet, rundt sørenden på vatnet, opp i lyngheiane aust for vatnet, og tilbake til parkeringsplassen.
Terrenget er noko småkupert, litt opp og litt ned, men ikkje så mange høgdemeter. Men midt i oktober må vi vere budd på somme våte parti.
Undervegs finn vi som vanleg ein høveleg plass for nistepause.
Velkommen på tur!
Turleiarar: Terje Salmo, Tormund Wågø
Vil du bli medlem? Les her:
Generelle vilkår som for Bergen og Hordaland Turlag:
Langs vestsida av Fjæreidevatnet Foto: Tormund Wågø