Onsdagsgruppa går tur til Vikåsen, om Jurefethauen og bølgekraftverket.

Fellestur

Dato
16. mars 2022 kl. 10:30 - 15:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Arrangører
Sotra Øygarden Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Nordhordland (se kart)

Oppmøte: Nedre parkering Fjell kyrkje kl. 10.30. 

Frå Fjell samlar vi oss for samkjøring i eit mindre tal bilar.

Vi kjører mot nord, veg skilta med 555, så 561 Skjergårdsvegen over Svelgen bru og inn på 5288 Turøyvegen. Vidare eit lite stykke på Turøyvegen for å parkere på ein liten grusa plass på høgre sida av vegen.

Det er fleire stader å starte på denne turstien, men vi vel å starte frå Turøyvegen. Då går vi rett ut på natursti, inga asfalt å gå på i starten eller slutten.

Turen vår vert ein rundtur, også med avstikker tur/retur bølgekraftverket. Den er gradert til middels til krevjande, men kan bli krevjande ved dårleg ver og gjerne is/snø på bakken. Turtid omlag 4,5 timar medrekna kjøring tur/retur og matpausen.

Høge punkt på turen vert Jurefethaugen (Jurefethauen) 49.1 m.o.h. og Vikåsen 56 m.o.h. På begge toppane er det fin utsikt. Her ser vi sjøen og havet. Men mellom desse toppane skal vi også utom bølgekraftverket. Vi passerer restaurerte skjeneflorar, og er innom Pardalsmyra som er eit fint område tilrettelagt for barn.

Terrenget og stien vi går er litt opp- og nedover bakkar. Kanskje våte parti ved mykje nedbør. Er det isete/frost i bakken kan det vera greit å ha broddar med. Har du dei i sekken er dei lett tilgjengeleg om nødvendig.

Ta med mat og drikke. Kle og sko deg etter veret denne dagen.

Velkommen på tur!

Vi du støtta Sotra Øygarden Turlag med medlemskap? Vi er eit lokallag under Bergen og Hordaland Turlag. Som medlem får du fordelar, og du hjelper oss å halda aktivitetane i gang. Les om medlemskap og meld deg inn her:

Generelle vilkår er som for Bergen og Hordaland Turlag. Les her:

Onsdagsgruppa går tur til Vikåsen, om Jurefethauen og bølgekraftverket.

Oppmøte: Nedre parkering Fjell kyrkje kl. 10.30.  Frå Fjell samlar vi oss for samkjøring i eit mindre tal bilar. Vi kjører mot nord, veg skilta med 555, så 561 Skjergårdsvegen over Svelgen bru og ...

Kontaktinformasjon:

  • Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
  • Tlf. 90730014

Turledere:

  • Ove Foldnes
  • Anne-Liv Foldnes Bjørsvik