Onsdagsgruppa med rundtur Fjæreide-Kårtveit-Spjeld-Fjæreide

Fellestur

Dato
27. april 2022 kl. 10:30 - 15:30
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Arrangører
Sotra Øygarden Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Nordhordland (se kart)

Oppmøte på nedre parkeringsplass ved Fjell kyrkje kl. 10.30.

Denne turen skulle vi gå i juni 2020. Men på grunn av lyng- og skogbrannen som starta på Fjæreide 3. juni kunne vi ikkje gå den turen som var akkurat der brannen hadde vore, og som blussa opp att på vår turdato. Vi prøver igjen. Bileta er frå før brannen.

Vi kjører til Fjæreide og parkerer ved sida av vegen der vi ofte har parkert tidlegare. Då vert det litt å gå på asfalt til same utgangspunkt som når vi går kortaste sti til Saufjellet. På denne stien skal vi ganske snart ta av til høgre, der det før brannen var skilt til Kårtveit. Her er ein gamal sti mellom Fjæreide og Kårtveit.

Ved nordvestre enden av Krokvatnet er ein fin plass for matpause. Her kan de bade om det freistar så tidleg på året. 

Etter matpausen finn vi stien som går frå Kårtveit til Spjeldsfjellet eller Spjeld. Den stien tek vi, men går ikkje opp på Spjeldsfjellet eller til Spjeld. Vi finn Nordsjøløypa til Fjæreide og går då tilbake til bilane på den.

Dermed vert det ein rundtur. Nokre våte parti i stien. Vi går også på berg. Det vert ikkje så mange høgdemeter å forsere, men turen vert kanskje noko lang å gå. I Midtmarka kan vi nyte stillhet og fin natur.

Tidsbruk med kjøring og pausar vert omlag 4,5 timar, kanskje 5 timar. Lengde på turen, 9 km.

Hugs ta med rikeleg mat og drikke til ein lang tur! Kle deg etter slik veret er denne dagen. Bruk sko som held deg tørr på føtene.

 

Vil du bli medlem? Les her:

Generelle vilkår som for Bergen og Hordaland Turlag:

Onsdagsgruppa med rundtur Fjæreide-Kårtveit-Spjeld-Fjæreide

Oppmøte på nedre parkeringsplass ved Fjell kyrkje kl. 10.30. Denne turen skulle vi gå i juni 2020. Men på grunn av lyng- og skogbrannen som starta på Fjæreide 3. juni ...

Kontaktinformasjon:

  • Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
  • Tlf. 90730014

Turledere:

  • Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
  • Terje Audun Salmo