Dugnad på stien til Gardafjellet
Ein fin gjeng frå dugnadsgruppa hadde dugnad på stien på veg til Gardafjellet i juni. No kan ein gå tørrskodd over blaute parti etter at det vart bygd fleire flotte klopper.
Mykje godt arbeid er utført for å gjere turstiane betre for spreke folk som tek naturen i bruk.
Å være med på dugnad er sosialt og kjekt. I tillegg gjev det større turglede for dei som kjem etterpå og som får glede av å gå på kloppene.
Ynskjer du å delta på dugnad? Ta kontakt her.

Kloppene strekker seg langt innover stien. Her ser me flott presisjonsarbeid.