Kom Deg Ut-dagen med konsert

Good time Charlie skapar god stemning.
Good time Charlie skapar god stemning. Foto: Heidi Reisegg Endal

Det er lenge sidan me har fått samle større grupper under Kom Deg Ut-dagen. Difor var det ekstra kjekt å få arrangere Kom Deg Ut-dagen ved Larslibua i dag. Good Time Charlie skapa god stemning!

I mars inviterte med til offisiell opning av Larslibua. Grunna mykje Covid-19 smitte vart dette arrangementet avlyst rett før det skulle gå av stabelen. I samarbeid med Øygarden Kommune skulle me gjere stas på den nye dagsturhytta. Me såg fram til liv og røre med Good Time Charlie sin opptreden.

Heldigvis var Good Time Charlie klare for å kome til oss i dag i staden. Det vart god stemning og rundt 50 publikum.

Turbo kom også, men det var ikkje mykje high five og klemming. Barna har blitt så vand med at man ikkje klemmer no, så Turbo tok ein gladdans framfor barna i staden. Alle fekk kvikklunsj som dei kosa seg med under konserten.

Me hadde også kanoar som alle fekk lov å bruke både før og etter konserten. Den gode bål- og grill lukta me bruker å ha på Kom Deg Ut-dagen uteblei i dag. Det er framleis litt smitte i kommunen i tillegg til at det er knusktørt i graset. Me ville ikkje ta nokon sjansar med lyngbrannen friskt i minnet. Alle hadde med eigen mat og var tilsynelatande fornøgde med det alternativet også.

Etter konserten vart det premieutdeling til alle som tok quizen på veg til Larslibua.

Sjå ein liten videosnutt frå konserten HER

Desse karane kunne virkelig underholde!
Desse karane kunne virkelig underholde! Foto: Heidi Reisegg Endal
Rockefoten går når Good Time Charlie opptrer
Rockefoten går når Good Time Charlie opptrer Foto: Heidi Reisegg Endal

Fleire bilete her i biletekarusellen:

Skrevet av Heidi Reisegg Endal 5. september 2021