Onsdagsgruppa på tur til Golta

Lang rekke i første bakken
Lang rekke i første bakken Foto: Tormund Wågø

Onsdagsgruppa på godverstur  på Golta.

26 ivrige turgåarar møtte fram på parkeringsplassen ved Fjell kyrkje for å vere med på seniorgruppa sin tur på Golta 27. januar.

Vi var litt usikre på føret når det var 2 - 3 minusgrader og lett nysnø. Dei fleste gjekk med broddar av ymse slag. Men vi fann ut at føret var bra, det var lite is under snøen.

Vi hadde ein lunsjpause med fin januarsol ute på sørvendte og snøfrie berg vest på Golta. 

På vegen tilbake til parkeringsplassen tok vi ein litt annan sti, litt lenger aust,  dermed vart det ein rundtur i staden for ein tur - retur i same løypa.

Takk til alle for ein kjekk tur!




Litt bratt her, pass opp for is ...
Litt bratt her, pass opp for is ... Foto: T. Wågø
Vi måtte ned å prøve sjøisen i Sandvika
Vi måtte ned å prøve sjøisen i Sandvika Foto: T. Wågø
Nistepause
Nistepause Foto: T. Wågø
Mykje stein vest i havet .....
Mykje stein vest i havet ..... Foto: T. Wågø

Skrevet av Tormund Wågø 27. januar 2021