Forland rundt med Tirsdagsgruppa

19.10.2021 var Tirsdagsgruppa på tur Forland rundt med 24 ivrige turgåarar.

Det var 24 ivrige turgåarar som ville på tur. Me starta ved kyrkja i Håkonsund, gjekk gjennom Håkonsundet 0g vidare inn i eit fint skogsparti til Blokkebærskaget. Der hadde me eit stopp for å ta bilete og nyta utsynet mot fjorden.

Me fortsatte mot Austefjorden, derfra forbi hotellet og tok til høgre inn på grusveg langs dyregården der me fekk nyta synet av mange flotte og sjeldne dyr. Vidare kom me opp til Ortodammen og løa til Svein Forland, der han lånte oss flott plass for lunsj.

Derfra gjekk me ned til Vågsbotn , vidare til Sildavikja og tok så markavegen til Kleppe. Me gjekk hovedvegen tilbake til SPAR butikken der me hadde parkert nokre bilar som tok oss tilbake til Håkonsundet. 

Det vart ein fin tur utan uhell og ikkje ein drope vatn.

Referent Halvard Vorland.


Takk til Halvard som steppa inn som turleiar på kort varsel og til Oddny som viste veg!