Glesnes rundt med Tirsdagsgruppa

Bogen, Glesvær
Bogen, Glesvær Foto: Gudrun Johanne Kausland

Årets siste tur med Tirsdagsgruppa gjekk Glesnes rundt  23.nov.2021

24 glade og opplagte seniorar møtte til tur Glesnes rundt 23. november, som var siste tur på plakaten i dette ustabile året. 

Me starta frå parkeringsplass Glesnes havn og gjekk eit stykke utover i Bogen før me tok av på den gamle sjøvegen opp lia mot Holmabrekko. Det er eit imponerande område med flott utsikt over gamalt naustmiljø, øyar og skjær, hav og himmel.

Utsiktsbilete mot Færøysundet, Måsholmen, Risøyna og Toftosen.
Utsiktsbilete mot Færøysundet, Måsholmen, Risøyna og Toftosen. Foto: Gudrun Johanne Kausland
Komt opp den gamle stien/ trappene frå sjøen.
Komt opp den gamle stien/ trappene frå sjøen. Foto: Gudrun Johanne Kausland
Mot toppen av Holmabrekko.
Mot toppen av Holmabrekko. Foto: Gudrun Johanne Kausland

Etter eit par hundre meter tok me av til venstre ut i marka og fulgte løypa, som går delvis gjennom lyngheier og berg, heile tida i nærleiken av havet utforbi. 

Varsel! Fare for glatte parti!
Varsel! Fare for glatte parti! Foto: Gudrun Johanne Kausland
Litt "rusje" på havet i dag.
Litt "rusje" på havet i dag. Foto: Gudrun Johanne Kausland

Den neste bygda som møter oss er Golta. Der er eit naturleg punkt å ta ein pust i bakken og nyta utsikta til alle himmelretningar og ikkje minst til denne flotte bygda som er eit ynda turmål for så mange. 

Nesten alle samla på ein knaus.
Nesten alle samla på ein knaus. Foto: Gudrun Johanne Kausland
To flotte damer ut mot havet.
To flotte damer ut mot havet. Foto: Gudrun Johanne Kausland
Utsikt mot Golta.
Utsikt mot Golta. Foto: Gudrun Johanne Kausland
Ned mot Ådnavika.
Ned mot Ådnavika. Foto: Gudrun Johanne Kausland
Vel nede i Ådnavika kom det ei skikkeleg byge.
Vel nede i Ådnavika kom det ei skikkeleg byge. Foto: Liv F. Glesnes

Frå utsiktspunktet mot Golta gjekk me nedover mot Ådnavika i Goltasundet, vidare opp på hovedvegen,  mot Porsvika og over til Vollen og strake vegen til Glesvær kafe. No passa det godt å få mat, som var forhåndsbestillt på kafeen. Der blei me teken vel imot av Midlangen og frue med fine, trygge bord og rykande varmt fiskesuppe og nybakt focaccia. Suppa blei servert i store skåler, så alle fekk forsyna seg til me var gode og mette. Ein fin avslutning på eit fint turår. 


Idyll frå fordums tid.
Idyll frå fordums tid. Foto: Gudrun Johanne Kausland
Fra indre havn Glesvær.
Fra indre havn Glesvær. Foto: Gudrun Johanne Kausland
Med mat i sikte!
Med mat i sikte! Foto: Gudrun Johanne Kausland

Heile turen er på ca. 7 km. og tok 2 timar 20 min. med pausar. 

Været var skiftande med nokre kraftige regnbyger, men det er da ein kjenner at ein lever, ikkje sant?

Takk for alle fine turar i 2021! Me ser fram til nye og gamle turmål i året som kjem.

Riktig god adventtid til dåke alle!